![]() |
Tegnerforbundets tidsskrift Numer, nr. 4, 2000. Eva Furseth Kroneksempelet på
det delikate er nok likevel dei silkemjuke kolteikningane til Lars Staffan
Evjen (f. 1945), alle med tittelen Interiør i stillhet. Bilda er
svært like; vi ser inn i ei mørk døropning på
ei spinkel veggflate, motiv som er reinvaska for detaljar. Svake skuggeverknader
leikar over veggane, og i den snødekte forgrunnen skimtar vi fotspor
som fører inn mot det gapande mørket bak døropet.
Det kviler ei urovekkjande stemning over arbeida; og vi får kjensla
av at det er ikkje kva som helst slags dør vi her har føre
oss, men heller eit symbol for terskelen til noko nytt og framand. Men
den stille kontemplasjonen som arbeida til Evjen innbyr til, vert likevel
sterkt forstyrra av ein diger videoinstallasjon i naborommet ... Numer, nr. 3, 1999.
Bergens Tidende, 4. sept. 1999. Øystein
Hauge |